Mesta Lastebil2 edited

Lite å tena på konkurranse

Fører konkurranse automatisk til innsparingar? Ei ny undersøking viser at det er lite å spara på å konkurranseutsetja velferdstenester, og Statens vegvesen har ikkje spara pengar på å skilja ut produksjonen.|Fører konkurranse automatisk til innsparingar? Ei ny undersøking viser at det er lite å spara på å konkurranseutsetja velferdstenester, og Statens vegvesen har ikkje spara pengar på å skilja ut produksjonen.

Maria Lavik – 04.11.2014

Bruk av marknadsmekansimar i offentleg sektor var tema under Partnerforum sin haustkonferanse på Handelshøyskolen BI i Oslo førre veke. Privatisering, målstyring og konkurranseutsetjing har vore sentralt i offentleg forvalting i fleire tiår. Eit av måla er å effektivisere offentleg sektor, og såleis spara pengar.
 Kan spare på tekniske område
Ole Helby Petersen, lektor ved Roskilde Universitet, har samanstilt 88 skandinaviske studiar frå 2000 til 2013 som ser på effektane av konkurranseutsetjing. Studien vert offentleggjort denne veka, og Helby Petersen kunne gje ein sniktitt på resultata under konferansen. - Me fann ut at konkurranseutsetjing kan gje ei innsparing på tekniske områder på mellom 5 og 15 prosent. Døme på tekniske område er veg og avfallsinnsamling. På den andre sida finn me ingen gevinstar på å konkurranseutsetja velferdsområda, sa Helby Petersen. Han viste også til at studiane sjeldan ser på korleis kvaliteten på velferdstenestene blir påverka av konkurranseutsetjing. Helby Petersen fortalde at dei måtte sjå vekk frå mange studiar på temaet, og kritiserer spesielt konsulentfirma for å laga rapportar med låg fagleg kvalitet: - Det er brukt mykje offentlege midlar på mangelfulle evalueringsrapporter frå private konsulentfirma, sa Helby Petersen.
 Bitter lærdom for Statens vegvesen
Statens vegvesen er ei av mange statlege bedrifter som har gått gjennom ei sterk marknadsorientering dei siste åra. I 2003 skilte Statens vegvesen ut produksjonsverksemda si i Mesta Konsern AS. Mesta måtte konkurrera på lik linje med andre entreprenørar for å få kontraktar hjå Statens vegvesen. Lars Aksnes er direktør i Statens vegvesen og har sett omstillingane på nært hald. Under haustkonferansen til Partnerforum fortalde han om erfaringane ved å konkurranseutsetja produksjonen. - I byrjinga fekk me inn tilbod med lågare prisar, så det såg veldig bra ut. Problemet var at leverandørane fann ut at dei kunne spara pengar ved å ikkje gjere jobben skikkeleg. Det vart gjort mykje dårleg vedlikehald, spesielt på vintervegane, fortalde Aksnes. Dette førde til at Statens vegvesen byrja å stilla strengare krav, samstundes som at dei måtte akseptera ein høgare pris. - I andre-generasjon kontraktane såg me ei kostnadsauke på 80-90 prosent. Me stilte strengare krav, og aktørane fekk betre økonomi. Me fekk eit betre drifta vegnett. No er me inne i tredje-generasjon kontraktar, og me ser at prisnivået no har stabilisert seg. Leverandørane tener godt, men leverer god kvalitet. Alt i alt, anslår Lars Aksnes at Statens vegvesen ikkje har spara pengar på å skilja ut produksjonen i Mesta. - Utskillinga førte ikkje til at me har noko billigare drift på vegnettet, men me har fått høgare kvalitet, sidan me stiller høgare krav. Men i utgangspunktet har me ikkje spara noko pengar på å skilja ut Mesta, sa Aksnes.