Norsk forvaltning i krise?

Jan Erik Grindheim – 23.12.2013

COCOPSMAnagerSurveryCitizenTrust
Forvaltningslederes vurdering av befolkningens tillit til forvaltningen. Kilde: COCOPS
- Norsk forvaltning er ein avvikar i internasjonal samanheng. Men vi er ikkje i noko krise i Noreg. Toppleiarane i forvaltninga er nøgd, dei tilsette er nøgde og jamvel ser det ikkje ut til at innbyggjarane er rimelig nøgde òg. Slik summerte professor Per Lægreid frå Universitetet i Bergen opp funna frå ei stor internasjonal undersøking av forvaltningsreformer i ti europeiske land, gjort av forskarar frå elleve europeiske universitetet, i eit seminar på Litteraturhuset måndag 4. November 2013. Seminaret vart arrangement av Norsk statsvitskapleg foreining og Stat & Styring og samla fullt hus på Litteraturhuset. Prosjektet Lægreid rapporterte frå ligg under EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling, og skal gå over fleire år og dekkje mange sider ved utviklinga i europeisk forvaltning. – Målet med denne forskinga er å samla inn meir og betre empiriske data om utviklinga i dei europeiske landas offentlege forvaltning slik at vi kan lære frå kvarandre og sjå endringar over tid, sa Lægreid. Av Jan Erik Grindheim Killengren er ein reflektert byråkrat med lang fartstid i offentleg forvaltning. Ho møtte Lægreid sine svært oppløftande tal med ein viss skepsis, sjølv om ho òg var glad for at stoda ser betre ut for norsk offentleg forvaltning enn vi får inntrykk av frå media.Departementsråd Ingelin Killengren frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og komande direktør i Direktoratet for IKT (Difi) kommenterte Lægreids funn. Det vart til eit meistermøte mellom forsking og forvaltning. -- Etter stortingsvalet har det vore mykje skrik og skrål om kor ille fatt det er med norsk forvaltning. Men komparativt sett verkar norske toppbyråkratar langt meir tilfredse enn sine europeiske kollegar, sa Lægreid. -- Om tala stemmer, repliserte Killengren utan å tvile på dei, kan det òg vere eit teikn på at toppbyråkratane er i utakt med dei lenger nede i forvaltninga. Mi røynsle med NAV-reforma og helsereforma til dømes, seier noko anna enn det tala dine fortel. Du kan lese meir om meistermøtet mellom Lægreid og Killengren i neste nummer av Stat & Styring. Det kjem i byrjinga av desember. Resultata frå rapporten kan lastas ned her.